Dei som fer

Storslagent og nært om naturen og menneska

Eld, vatn og vindar har forma landskapet og menneska som bur her. Vi har gjennom tidene samla oss rundt leirbålet. Kvifor bur vi her? Kven er vi som bur her? Kvifor valte nokon å busetje seg her? Kvifor har vi blitt som vi har blitt?

Lavamassar har storkna og forma denne delen av moder jord; djupe fjordar, berg og høge fjell. No køyrer vi Golf GTI i Kaibakken, tek i land gass på Aukra, Vestbase sørvar oljeindustrien og rundt oss stormar hav og vindar mens vi får høyre at temperaturen stig. Når forholda rundt oss teiknar til å bli uleveleg tek vi menneske ulike val. Dottera, ektefellen og nære venner –  har alle det same håpet om ei betre framtid.

Dei som fer er eit unikt samarbeid mellom Mette Karlsvik og Arne Lygre, der dei har fletta saman tekstane Eg byrjar og Jeg forsvinner til ei storslagen framsyning og ei nær og sanseleg forteljing. Korleis blir menneskelege relasjonar påverka av elementa i naturen rundt oss? Og korleis påverkar menneska naturen – og kvarandre?

Referansar til norrøn mytologi, naturvitskap, notidige observasjonar og moglege framtidsscenario nært knytt til Møre og Romsdal dannar rammeverket for ei historie som er tett på menneska. Forteljinga er ein inngang til å sjå seg sjølv og andre; kan vi eigentleg forstå eit anna menneske? Kan vi greie vi å setje oss inn i korleis andre sine liv fortonar seg?

Vatn, vind, lys og skyar er tekne inn i scenografien. Musikken i framsyninga er inspirert av folketonar frå regionen som har ei styrkande og trøystande kraft. For fellesskapet rundt leirbålet finst kanskje framleis?

I samband med Operafestuka 2022 gjestar Teatret Vårt Kulturfabrikken i Kristiansund med ein spesialtilpassa versjon av Dei som fer der teksten og musikken vil vere i fokus. Mette Karlsvik er vokse opp på Frei og har Nordmøre som referansepunkt i sine tekster; tematisk, som natur, i menneske eller samfunnsmessige strukturar.

Premiere 28. januar 2022
Varighet ca. 90 minutter (ingen pause)

Av Mette Karlsvik og Arne Lygre
Regi Mari Vatne Kjelstadli
Scenografi, kostyme og lysdesign Agnethe Tellefsen
Musikk Ingvild Langgård
Regiassistent Rania Broud
Med Mari Strand Ferstad, Ingrid Myhre Løvik, Johanna Mørck, Tov Sletta, Kjersti Botn Sandal

Teatret Vårt.

Dei som fer

Kulturfabrikken

}

1,5 time

350 ,-

Adresse

Fosnagata 13

6509 Kristiansund

Norge

Telefon billettkontor: 715 89 999

Se i Google Maps

Generalsponsor

Hovedsponsorer

Barn og ungesponsor

Offentlige bidragsytere