Odd Nordstoga – FATIG FERDAMANN PÅ TUR

Med eit nytt album i beltet dreg Odd Nordstoga ut på ein turne ulikt det han nokon gong har gjort før. I trioformat, med trommer, bass og seg sjølv, skal koronaen tros-sast og konsertar leverast. På repertoaret er ein bunke nye songar, sjølvsagt iblanda nokre gode gamle.
Me er alle fatige ferdafolk på livsens landeveg, men på ferda høyrer musikken til.
I to år har Nordstoga tenkt og grubla, pønska og spikka på det som no er ute som hans siste album ”Fatig ferdamann”.

Med seg har Odd to av dei aller største på Noregs musikarhimmel. På trommer Torstein Lofthus og på bass Tor Egil Kreken. Begge fantastiske musikarar med lang fartstid i bandet til Nordstoga, men også kjent frå eit uttal andre konstellasjonar. Snart kjem tre svoltne ferdamenn til din konsertstad. Då er det ingen grunn til å sitja heime. Velkomen til konsert!

ODD Nordstoga

Festiviteten

}

1,5 time

490,-

Adresse

Fosnagata 13

6509 Kristiansund

Norge

 

Se i Google Maps

Generalsponsor

Hovedsponsorer

Barn og ungesponsor

Offentlige bidragsytere