Mellom dikting og røynd:
Urpremiere på syngespelet om Arne Garborg og skapinga av Haugtussa.
Creativity in the mind is next to madness. – Anne Carson.
På Jæren mot slutten av attenhundretalet sit Arne Garborg inntil skrivebenken og puslar med tanken om eit langdikt.
Brått ser forfattaren ei dør i veggen framfor seg, berre synleg for han sjølv.
Døra lenkjer diktarens fysiske skriverom saman med hans indre tankeverd.
Veslemøy står i døra og lokkar diktaren inn i hans eige skaparkrefter.
I det nyskrive syngespelet «Arne og Haugtussa» blir publikum bydd med inn i tida rundt skapinga Haugtussa, da Garborg og heltinna hans sto og vippa mellom dikting og røynd.
Syngespelet tar opp korleis eit av de mest ikoniske diktverka i norsk historie blant anna dreier seg om å overskride grensa mellom det moglege og umoglege.
Kor langt og lenge kan ein dikter gå inn i si eiga tankeverd, før han mister forstanden, mister seg sjølv?
Arne og Haugtussa har ein fot planta i biografien til Garborg og den andre i diktinga hans.
Det er både eit psykologisk musikkstykke og ein lyrisk thriller.
Manus: Endre Ruset og Espen Grønli, inspirert av Arne Garborgs Haugtussa
Musikk: Martin Kosberg Bredin, fritt etter Edvard Grieg
Regi: Linn Christine Wennersten
Etter en idé av Camilla Stenhoff Vist
Veslemøy: Beate Mordal
Arne: Bjørnar Øksenvåg
Musiker: Martin Kosberg Bredin
Forestillingen er produsert med støtte fra:
Sparebankstiftelsen SMN
Møre og Romsdal Fylke
Fond for Lyd og Bilde